Journalist og forfatter Bjørn Asle Nord og fotograf Håvard Bjelland, har nylig kommet med en omfattende bok om norske soldaters erfaringer fra deltagelse i ulike utenlandsoppdrag. Utgivelsen har undertittelen «Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge».
En av de som er blitt intervjuet i forbindelse med bokproduksjonen er Sandefjord-bosatte Robert Sandbugt. Han tjenestegjorde i Libanon på 90-tallet og har erfart at denne tiden har satt varige spor. Til Sandefjords Blad uttaler han at krigen for ham egentlig startet sju år etter hjemkomsten, og dette har vært en lang kamp, preget av PTSS (post-traumatisk stress-syndrom) og perioder med lammende angst. I hans tid som deltagende i den norske FN-styrken var f.eks. tilbud om oppfølging ikke-eksisterende. Sandbugt mener at flere aspekter rundt utenlandstjenesten er bedre ivaretatt nå. Selv mottok han ingen hjelp før i 2011, og dette skjedde via hans fastlege.
(Illustrasjon hentet fra Wikipedia.)
Forlaget SKALD presenterer boken slik:
«Når norske soldatar kjem heim til Norge etter teneste i konfliktområde, byrjar for mange veteranar ein personlege kamp. Ein kamp dei ikkje har blitt førebudd på. Ein kamp med seg sjølv og med samfunnet. Dei kjempar for å finne tilbake til eit vanleg liv, mot vonde minne og mot eit samfunn som ikkje forstår. Dei kjempar for å bli høyrde og respekterte både i den offentlege debatten og i deira personlege kvardag. Sidan 1945 har over hundre tusen nordmenn vore i utlandsteneste. Når oppdraget i Afghanistan vert avslutta, vil Norges siste store krigsinnsats ha etterlatt nærare ti tusen nye norske krigsveteranar. Er dei førebudd på det som ventar dei når dei kjem heim? Og er det norske samfunnet klare for å ta i mot dei? Gi meg heller livet er eit eineståande dokumentasjonsverk, eit tidsbilete som gir innsyn i eit tema som kan setje i gong ein viktig debatt. Boka gir innblikk i kvardagen til 13 veteranar frå oppdrag i Libanon, Irak, Balkan og Afghanistan, ein av dei er ei kvinne som er veteran og enke. Forordet er av Forsvaret sin veteraninspektør Robert Mood.
Fotograf Håvard Bjelland og forfattar Bjørn Asle Nord har i fleire år jobba saman om dette såre og følsame temaet. Gjennom reportasjar i Bergens Tidende har dei vist unge krigsveteranar sine liv, menneske som vi ofte ikkje ser. For dette arbeidet har dei to gonger vore nominert til Den store journalistprisen. Etter kvart har dei samla inn fleire historier og ynskjer no å vise dei enkelte skjebnane i eit større perspektiv.
Utgiving av boka er støtta av Norsk kulturfond og Fritt Ord.»
Tagged: bøker, Bjørn Asle Nord, håvard bjelland, Roberg Sandbugt, Sandefjord, soldat, utenlandstjeneste
Kommentarer